Beisfjord Rememberance:

Eit samarbeid mellom Marsil Andjelov Al-Mahamid, Igor Smiljanic, Darko Taleski, Tamara Ristic – Kezz og Eirik Fagerheim Kalsås.

Den 24. juni 1942 ankom 900 jugoslaviske fangar Beisfjord fangeleir. Den 17. juli vert 588 av fangane transportert til Øvre Jernvannet, medan dei resterande 287 sjuke og svake fangane vart skoten eller brent inne, natt til 18. juli. Dette er til den dag i dag er den største massakeren skjedd på norsk jord i nyare historie.

Ved Øvre Jernvannet vart fangane tvugne til å jobbe med å byggje veg til Sverige. I løpet av dei 5 vekene leiren eksisterte vart 242 fangar drept, eller døde som følgje av dei brutale livsvilkåra.

På 75-årsmarkeringa for desse hendingane bygde Marsil Andjelov Al-Mahamid, Igor Smiljanic, Darko Taleski, Tamara Ristic – Kezz og Eirik Fagerheim Kalsås eit midlertidig monument ved restane av fangeleiren på Bjørnefjellet, og heldt ein stadspesifikk performance på staden.

Undersøkingane knytta til prosjektet handlar om korleis kunst og kunstens diskurs kan hjelpe med å trekke lærdom og erfaring frå historie og minne frå krig.


 

7.jpg
DSC_8725-1024x683.jpg
DSC_8731-1024x683.jpg
5.jpg
4.jpg
1.jpg