«Hägenbeck jr. var aldri der det skjedde. Hägenbeck jr. var det som skjedde.»

- Bobby «Bee» Zamarra

Det har svirra mange rykter om Hägenbeck jr. oppigjennom åra. Ikkje alle er fortjent, men ikkje alle er ufortjent heller. Allikavel må ein seia at ein skikkelse som han, vanskeleg lar seg beskriva utan å ta desse rykta seriøst, for kva veit eg egentleg om denne særeigne skikkelsen som så mange seine nattestimar har trødd med lange seige steg i frå pub til pub på austkanten? Og sida eg må ty til rykter, når eg snakkar om Hägenbeck, så snakkar eg vel i grunn lika mykje om meg sjølv, og mitt indre bilete av denne kolossen. Han er utvilsamt eit syn i seg sjølv der han trør saktmodig opp og ned gater på jakt etter nok ei rypa: «Kjempen» eller «Storebruter´n», som han blir kalla av sine frendar, ofte hengandes over ein barkant med den karakteristiske lange og brune skinnfrakken, kulerunde solbriller, den heimastrikka blå ullvesten, synleg gjennom frakkeopninga, ein frakk som så godt som aldri er knepen att, sjølv ikkje i tette snøstormar. Det gjer han i grunn berre til eit endå meir imponerande syn, der han går gjennom vind og kulde, med frakken blafrande bak han som ei enorm kappa. Dette indre biletet av han lysar sterkt i meg, og det ligg tett seg opp til de klassiske bileta av ein superhelt. Hägenbeck jr. er ein av dei få heltane vi har att her til lands, kanskje den siste. For det er lett å la seg fascinera av mannen, myten og frakken. Bak det imponerande ytre fins det eit hav av historiar, og det gjeld å leggja garnet ut på riktig stad og til riktig tid for å få eit glimt av den overfloden av opplevelsar og kunnskap denne mannen drar meg seg.

- Radovan Ipcwish.

 

 The Pathology Of Our Present Situation:  Måleriet blei vist på Sukkerbiten (Oslo) sommaren 2014 og vart til i lys av eit knirkefritt samarbeid mellom Otio Jüng og Hägenbeck jr.

The Pathology Of Our Present Situation:

Måleriet blei vist på Sukkerbiten (Oslo) sommaren 2014 og vart til i lys av eit knirkefritt samarbeid mellom Otio Jüng og Hägenbeck jr.

 

 

 En prolog til ...   Skreven av Otio Yüng og Hägenbeck jr. til DOTDOTDOT sin utstilling "URBEAUX" i 2015.

En prolog til ... 

Skreven av Otio Yüng og Hägenbeck jr. til DOTDOTDOT sin utstilling "URBEAUX" i 2015.

pamflett2.jpg
 En epilog til SinnSykShit  Skreven av Otio Yüng og Hägenbeck Jr. til hans utstilling "Void" i 2017.

En epilog til SinnSykShit

Skreven av Otio Yüng og Hägenbeck Jr. til hans utstilling "Void" i 2017.