Kjøp, alltid kjøp:

 

Kjøp, kjøp meir enn du kan

konsumera. Konsumer. Skit i

alle relasjonar.

 

Tråkk på alt og alltid

kjøp alt. Bær med deg heim

så mykje du berre klarar.

 

Fyll, fyll deg sjølv med med griskleik

Ikkje sjå nokon i

augo.

 

Omring deg sjølv med høge veggar

så verken gras eller menneske-

stemmer kan nå deg;

 

Synk, synk ned i skit så djupt

du kan koma deg

Du må vera på vakt

kjøp i veg, bær det heim

alltid konsumer

 

Sjå deg rundt, vær sikker

på at dei ikkje stjel frå deg

tramp på

kvar ein blom

kvar ei plante..

 

kjøp, alltid kjøp

Bær heim

meir enn du kan bæra

konsumer, konsumer

synk, synk ned i skiten

skiten skiten skiten.

 

(Ei gjendiktning av diktet "Buy, Always Consume", skreven av Ferruccio Brugnaro.)

 

Opplesing på Aktivisten Cáfe, Oslo, 2017.

Opplesing på Aktivisten Cáfe, Oslo, 2017.