1.jpg

 

(Følgjande tekst vart publisert i magasinet Billedkunst nr. 7, 2013. Teksten er ein kraftig omskriving av føredraget på biblioteket.)

 

«Ytringsfridom er meiningslaus utan tankefridom. Og der fins ingen tankefridom utan angst.»

 

Fleire av oss har snakka om ytringsfridom. Eg har gjort det eg og. Mange av oss likar ganske godt å snakka om den. Andre mislikar å snakka om den. I alle fall blir den snakka om. Blant vener og kjente. I aviser og på tv. På internett. Overalt finn ein etterleiver frå desse ytringane. Som stort sett har kretsa kring to grenser.

Den juridiske grensa for ytringsfridomen, her ved Justis og Beredskapsdepartementet: «Det offentlige rom derimot, må være bygget opp, institusjonalisert og regulert for å fungere i overensstemmelse med hensynet til ytringsfriheten og til den offentlige samtale. De rettslige normer og reguleringer er bare en liten del av denne "borgerlige offentlighet". Som vi så i den historiske skisse, er ytringsfrihetens vilkår først og fremst avhengig av et komplisert institusjonelt system utviklet gjennom en historisk prosess.»1

Den andre grensa er den moralske grensa for ytringsfridomen: «Ytringsfriheten er selve substansen i demokratiet og slik bør det være. Samtidig har vi alle ansvar for vår egen ytring der det er en selvfølge at etikk moral ligger i bunn for ens ytring.»2 (Laila Marie Reiertsen, tidl. stortingsrepresentant, frp.)

Det som då er utelatt frå den offentlege samtale er den indre forutsetnad for ytringsfridom. Georg Johannesen kalla denne forutsetnaden for indring. Han sa følgande om indring: «Ytring må henge sammen med indring, dvs tanker og følelser som ytrer seg som lyder eller skrivende håndbevegelser. Uten indring, ingen ytring.»3

Eg vel å bruke begrepet ytringsangst om same føresetnad. Som utgangspunkt for ein ytring brukar eg den språklege ytringa. I hovudsak er det den språklege ytringa som blir brukt for å delta i den «offentlege samtale». Eg vil likavel hevda at ytringsangst også er gjeldande for andre former for ytringar, som feks kunstneriske ytringar.

For enkelheits skyld kan begrepet angst delas inn i tre delar. 1. Den kroppslege reaksjonen på angst. 2. Den subjektive erfaringa av angst – som igjen kan delas i to – tanker og kjensler. 3. Det filosofiske begrepet angst.

Det filosofiske begrepet angst har sitt utspring i Kierkegaards tankar. Då Vigilius Haufniensis (Kierkegaard) utga boka «Begrepet angest» i 1844, skreiv han særleg om forhaldet mellom angst og fridom. Å verkeleggjera muligheitar inneber angst, skriv han. Desto fleire muligheitar individet får auge på, desto meir kreativt det er, desto større er muligheitane for angst. (Difor har eg naturleg nok ein del angst no. Eg er igang med skrivinga, og ser fleire mulige utfall.)

Så, kva inneber desse tankane til Kierkegaard i ein ytringsituasjon. Å ytra seg må kunne seiast å vera ein muligheit for dei fleste av oss. Eg støtar stadig på situasjonar der det å ytra seg er ein naturleg muligheit. Typiske eksempel: å snakka for ein forsamling. Å skriva avisinnlegg. Å delta i nettfora. Fryktelege, begjærande muligheiter.

Muligheita for å ytre seg har mange mulege utfall. Muligheita for å bli misforstått er absolutt tilstades. Likefullt muligheita for å bli forstått. Muligheita for å bli latterleggjort. Muligheita for å skapa latter. Muligheita for å skapa sinne. Muligheita for å skapa forsoning. Ein kan sjå for seg utallege slike utfall av ei ytring. Alle utfalla er i grunn realistiske. Som ytrar er det imidlertid lurt å skilja mellom muligheita til og muligheita for i ein ytringssituasjon. Å ha muligheita til å ytra seg inneber muligheita for å skapa ein reaksjon. Muligheita for seier då noko om mottakarens reaksjon, og ligg utanfor ytrarens fridom. Den er ein konsekvens av ytrarens fridom. Og ein konsekvens av ytrarens bruk av ord.

I opphavet var ordet, ifølgje Johannes.4 Eit spørsmål som presser seg på viss ein grip ordet blir då: Kva for ord skal ein velja å bruka? Ikkje berre valet av å gripe ordet er angstskapande, også val av ord i seg sjølv kan vera angstskapande.5

Kan ein del av ytringsangsten liggja i bevisstheita om språkets manglande evne til å ta opp i seg alt ein ynskjer å kommunisera? Bevisstheita om at språket har ein tendens til å kommunisera andre ting? Altså at språket på sett og vis lever sitt eige liv til tross for ytrarens intensjon, idet det blir sluppe laus. Ifølgje Sæterbakken gjer det det: «...språket er aldri helt og holdent i menneskets makt, at like gjerne som det fører oss dit vi vil, fører det oss dit det vil. Og selv ikke det mest inntrengende dementi kan utslette det som en gang er blitt sagt».6

Kierkegaard hevdar at angsten kan føra deg dit du sjølv vil, til tross for det forferdelege i møte med angsten. «som om den (angsten) nå var langt mer forferdelig enn noensinne, da trekker han seg ikke tilbake... Da går angsten inn i hans sjel og ransaker alt og engster det endelige og smålige ut av han, og da fører den ham dit han vil.»7

Eit naturleg spørsmål blir då: Kan det henda at det som kjenneteiknar ytringsangsten er kampen mellom desse to viljene? Kampen mellom språkets vilje og angstens vilje. I såfall kan ein sjå for seg at ein ved ei rørsle, kan forena angstens vilje med språkets vilje, og den rørsla vil frambringa begge viljenes målsetting: ved å gje slepp på kontrollen over språket, og med det stilna angsten utan å ta livet av den. At ein ved å frigjera språket, frigjer ein seg sjølv frå ytringsangsten.

Den som har lært seg å engsta seg utan å synka ned i angsten, - å engsta seg på den riktige måten, - den har lært seg det høgaste, seier Kierkegaard.8

I psykologien snakkas det om ein «fight-or-flight-or-freeze response», eit reaksjonsmønster på angstfulle situasjoner. Då blir som regel terapautens råd å sei til seg sjølv – slapp av, her er ingen fare på ferde. I ytringsituasjonen kan ein derimot gjennom følsam angst landa på passande alternativ: Å kjempa – å snakka om det som verkeleg betyr noko, dette noko som er meir tydningsfullt og med det hevar seg over alt det andre, som skapar denne brennande tranga til å snakka om akkurat det mest tydningsfulle, istaden for noko heilt anna. Å frysa – å babla tomt og innhaldslaust, fare med svada, å bruka ikkje-verksamme ord eller urelevante fortellingar.

Å flykta – å la vere å ytre seg. Å bringa seg sjølv til tausheit. Og gjennom denne tausheita sleppe bakgrunnslydane og bakgrunnsulydane til orde, og la dei få boltra seg på åstaden den tenkte ytring skulle festa seg.

I møte med den fryktinngytande og elskverdige ytringsfridomen, er det høgst nødvendig å behalda ein levande ytringsangst i det indre, for å kunne ytra seg på riktig tidspunkt og med riktig stemmeleie. Og for å kunne la vere å ytre seg på riktig tidspunkt.

 

Notar:

1Justis- og beredskapsdepartementets dokument – Ytringfrihetens vilkår i det offentlige rom

2http://politisk.tv2.no/spesial/panelet/sporsmaal/har-ytringsfriheten-en-grense

3Georg Johannesen, Om den norske tenkemåten, utgjeve i 2004 av Cappelen, s. 351

4Bibelen, Joh 1:1

5Iblant kan det vera nyttig å bruka ein ordgripar, dvs. ein reiskap for å gripa ordet med.

6Stig Sæterbakken i «Forfatterne møter Kierkegaard», utgjeve 2013 av Press, s. 30.

7Søren Kierkegaard, Begrepet Angst, utgjeve 2001 av forlaget Oktober, s. 203

8Søren Kierkegaard, Begrepet Angst, utgjeve 2001 av forlaget Oktober, s. 199

 

 

Untitled-1.jpg
Untitled-2.jpg
Untitled-5.jpg
7.jpg